Puslespel II SmallI Ryfylke Livsgnist har me tru på det ekte, jordnære og enkle. Det viser og att når me snakkar om aktivitetar. Dersom du vil ha basehopping eller bli skoten ut i verdsrommet for å oppleva vektlaus tilstand, må du rett og slett spørja nokon andre. 

Ryfylke Livsgnist tilbyr oppgåver og konkurransar som til dømes Den bortkomne sauen, Tomatboccia og Drivhusspretten. I tillegg til mykje anna.

Me tilbyr våre aktivitetar til bedrifter, vennegjengar, folk som skal feire, ja eigentleg kven som helst som vil oppleva noko triveleg og underhaldande ein dag. 

Dersom du vil ta turen til Finnøy, tilbyr me Slaget om den gyldne tomat. Her føregår aktivetetene utandørs i klassisk kulturlandskap i området rundt Tyskerhålene på Finnøy. Me garanterer morosame hendingar, spanande utfordringar og venskapleg kamp om å stå att som vinnar. 

Dersom du ikkje har tid til å ta deg ein tur til Finnøy, eller du er redd for at vær- og føreforhold skal påverka trivsel og yteevne, kan me komma og gjennomføra konkurransen der du vil. Innandørs kallar me konseptet vårt Tomato Challenge. Opplegget er ganske likt, men me kuttar til dømes ut konkurransen som går ut på å montera ei vannkanon når me spelar inne. Det meinar me bestemt er best for alle partar. 

Ryfylke Næringspark, 4160 FINNØY
This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
+47 907 73 796 eller +47 940 01 017
Pdf Tomato Challenge
 Pdf Slaget om den gyldne tomat
   
  Følg oss: 
  facebook-logo   ENJOY Finnoy Logo - 051114 1

 
Org. nr. 985465681

 

Ryfylke Livsgnist AS
Ryfylke Næringshage
Nedre Hauskjeneset 3
4160 FINNØY

post@ryfylkelivsgnist.no


© 2014 Ryfylke Livsgnist
© 2014 Stavanger Media (web design) 
 
ryfylkelogo