I 2017 er det 500 år sidan Martin Luther starta reformasjonen, då han hengte opp 95 tesar mot avlatshandelen på slottskyrkja i Wittenberg. Det er truleg enkelthendinga som har prega Europa og Norge mest.

Ja, Martin Luther fekk faktisk oppkalla ei heil kyrkje/religion etter seg, i den lutherske lære og tru.

I heile 2017 skal me i Ryfylke Livsgnist reisa rundt med førestillinga «Luther med latter» - eit historisk og humoristisk skråblikk på kva Lutherdommen har ført med seg gjennom 500 år i våre bygder og byar.

I beste lutherske ånd, blir det mykje humor. Ja, alt folk som sovnar under laaange preiker, konfirmantar som svimar av under overhøyring, ein gal teologiprofessor, pietisme, rasjonalisme, salmestrid, sørlendingar som stikk av med biskopen og fram til  lovsongsdans i dag…. For berre å nemna noko.

500 år på 100 minutt, der me er fire formidlarar som spelar ulike roller, er historieforteljarar og musikar – og går ut og inn av dei ulike hendingane og hundreåra.

Førestillinga er tufta på historiske fakta, humoristiske vinklingar og musikalsk truverd. Med å bruka mykje humor, vil også publikum følgja ekstra godt med og læra om kva Luther har hatt å seia for vår kyrkje-, kultur- og språkhistorie gjennom 500 år. Derfor blir «luther-kabareten» ei ålmenn førestilling, der du ikkje treng å vera verken Lutherkjennar eller i den inste kyrkjekrins for å få ei stor oppleving. Les og om Luther med latter på sidene til Bispedømmerådet.

Medieklipp Luther med latter

For booking av førestilling, ta kontakt på This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. , eller 940 01 017. 

Her finn du pdf-presentasjon av Luther med latter.

 

 

   
  Følg oss: 
  facebook-logo   ENJOY Finnoy Logo - 051114 1

 
Org. nr. 985465681

 

Ryfylke Livsgnist AS
Ryfylke Næringshage
Nedre Hauskjeneset 3
4160 FINNØY

post@ryfylkelivsgnist.no


© 2014 Ryfylke Livsgnist
© 2014 Stavanger Media (web design) 
 
ryfylkelogo