gartnerilitenryfylkekokken 400x400solvsmed

Ryfylkekokken, Lauvsnes gartneri, Sølvsmeden på Finnøy, Tomatfestivalen og Ryfylke Livsgnist har vandra saman, nesten hand i hand, i fleire år no. Me tek med oss gjester innom dei så ofte me kan. Tomatfestivalen var me med på å driva gjennom ti år.

Matshowet "Ein kokk og ein tosk" der Frode samarbeidar med mindre røynde kokkar knytte til Ryfylke Livsgnist, har blitt ein slager. Her møter praktisk kunnskap om mat og mattilbereding underhaldning på ein framifrå måte.

Ryfylkekokken har base på Steinnesvåg på vestsida av Finnøy, der han saman med fleire står for drifta av Landahuset. Her får du det du treng av mat og godt stell! Solnedgangen her er verkeleg verdt å få med seg! 

Lauvsnes gartneri ligg på Lauvsnes. Her blir det produsert Juanita-tomatar gjennom heile året. På ein tur innom gartneriet får me eit innblikk i eit hypermoderne produksjonsanlegg for eit av Finnøy sine viktigaste bidrag til norsk matproduksjon. Det plar som regel vanke smaksprøvar også.

Sølvsmeden på Finnøy står for stolt handverkstradisjon, og me får vera med inn i sølvsmia og sjå korleis bunadsølv og anna stas blir produsert. Det er ikkje uvanleg at folk finn ut at dei har lyst på både det eine og det andre i sølvsmeden sin butikk.

Tomatfestivalen blir arrangert i august, og har utvikla seg til å bli ein møtestad for langt fleire enn berre finnøybuar. Her kan ein kjøpa seg alt frå traktor til vårrullar. Tomatfestivalen er eit utstillingsvindauge for alt som rører seg i Finnøy kommune, og er vel verdt eit besøk.

 

 

 

Ryfylke Næringspark, 4160 FINNØY
This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
+47 907 73 796

www.ryfylkekokken.no 
www.solvsmed.no
www.tomatfestivalen.no
www.lgartneri.no
 
 
 
   
  Følg oss: 
  facebook-logo   ENJOY Finnoy Logo - 051114 1

 
Org. nr. 985465681

 

Ryfylke Livsgnist AS
Ryfylke Næringshage
Nedre Hauskjeneset 3
4160 FINNØY

post@ryfylkelivsgnist.no


© 2014 Ryfylke Livsgnist
© 2014 Stavanger Media (web design) 
 
ryfylkelogo