Ryfylke rundt på tomatjakt! Ryfylkespelet er eit 24 kvadratmeter stort Ryfylke-kart der deltakarane skal kjempa om å vinna flest mulig tomater innan speletida er slutt.

Her gjeld det å henga med på ferda mellom øyar, på fjordar, langs vegane og over fjell. Spelet krev både flaks og dugleik - men ein treng på ingen måte vera Ryfylke-ekspert for å klara seg godt i tomatjakta. 

Heile laget deltek, og det laget som til slutt har vist best praktisk innsikt, har hatt evne til innovasjon, eit snev av evne til å tenkja taktisk - og altså ein porsjon flaks - står att som vinnar.

Ryfylkespelet er mobilt, og kan fraktast nær sagt kvar det måtte vera. Me speler både ute og inne. Ryfylke Livsgnist stiller med instruktørar. Ryfylkespelet utfordar og underheld, og gir deltakarane høve til saman å finna ut korleis ein skal få samla saman flest mogeleg tomater.

 

HMS-spelet er midt i blinken for deg som lurer på korleis i all verda du skal gjera HMS-arbeidet i bedrifta eller foreningen underhaldane, spanande og lærerikt. Spelet er bygd over same lest som Ryfylkespelet. 

Me legg opp til ein konkurranse der opp til fire lag konkurrerer om å løysa både teoretiske og praktiske oppgåver. HMS-spelet er lagbygging med glimt i auga, og det skaper humør og engasjement! Konkurranseinstinktet blir trigga, og lagkjensla styrka.

Spelebrettet er eit 24 kvadratmeter stort kart over Nordsjøen og Vestlandet, og den som er best til å løyse oppgåver om kommunikasjon, risikovurdering og arbeidsmiljø, står att som vinnar til slutt!

 

Ryfylke Næringspark, 4160 FINNØY
This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
+47 907 73 796 eller +47 940 01 017
Last ned produktark Ryfylkespelet

   
  Følg oss: 
  facebook-logo   ENJOY Finnoy Logo - 051114 1

 
Org. nr. 985465681

 

Ryfylke Livsgnist AS
Ryfylke Næringshage
Nedre Hauskjeneset 3
4160 FINNØY

post@ryfylkelivsgnist.no


© 2014 Ryfylke Livsgnist
© 2014 Stavanger Media (web design) 
 
ryfylkelogo