skattejaktBli med på ein Luther-tur utanom det vanlege. Ryfylke Livsgnist, Vigrestad buss og tidlegare biskop Ernst O. Baasland byr på historie, humor og artige opplevingar i ti heile dagar.

Få med deg denne storhendinga frå 31. august til 9. september.

For første gong inviterer Ryfylke Livsgnist til ein utanlandstur, men vegen frå Ryfylke til Wittenberg er kortare enn du trur! Livsgnistarane Silje, Svanhild og Tor Øyvind er både vertskap, guidar og skodespelarar. Historia om Martin Luther blir såvisst levandegjort på denne turen. Det faglege og historiske blir godt teke vare på av Ernst Baasland, som kjenner både Luther og Tyskland særs godt. Oddgeir Vigrestad i Vigrestad buss har køyrd mange Luther-turar tidlegare, og er bortimot lokalkjent i såvel Eisleben som Wittenberg. Påmeldinga har starta. Er du interessert, les meir her om program, anna viktig informasjon og påmelding.

Har du andre spørsmål, kontakt Tor Øyvind Skeiseid (This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. 982 06 333) eller Svanhild E. Spanne (This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. , 907 73 796)This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

 

oddgeirv svanhildes ernstob siljevf toroyvind

   
  Følg oss: 
  facebook-logo   ENJOY Finnoy Logo - 051114 1

 
Org. nr. 985465681

 

Ryfylke Livsgnist AS
Ryfylke Næringshage
Nedre Hauskjeneset 3
4160 FINNØY

post@ryfylkelivsgnist.no


© 2014 Ryfylke Livsgnist
© 2014 Stavanger Media (web design) 
 
ryfylkelogo