Tre visne menn … og ei solstråle

lar livet passera REVY!.... utover  i 2017!

Med John Skien, Tor Øyvind Skeiseid,
Torolf Nordbø og Rita Fotland Bøe

Førestillinga har gått for fulle hus sidan oktober 2016. Nesten 4000 menneske har sett ein av dei 16 førestillingar så langt. Neste stad ut nå er i Røldal under Røldalsmarknaden. Bli med inn i ein absurd og jordnær kvardag gjennom musikk, humor og TV-glimt. Gled deg til både generasjonskløft, formidlarglede, kreativitet og reinspikka vas, men med ein lukkeleg slutt. Og til hausten blir det nye oppsettingar. Følg med på våre nettsider kor og når, men sjå ikkje bort frå at stadene heiter til dømes Lyngdal og Sandnes…


MEDIEKLIPP

Informasjon om kvar førestilling og billettsal finn du her:

moi Sandnes Haugesund 

Har du spørsmål om Tre visne menn, så ta gjerne kontakt med: 

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. eller This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.  eller på mobil 907 73 796.

 

Desse medverkar: 

skien Small

John Skien
John Skien er for mange sjølve personifiseringa av NRK Rogaland og Norge Rundt. Ingen har leia fleire TV-sendingar verken i NRK Rogaland eller Norge Rundt enn John. Han blei fødd i Stavanger, men voks opp på Haugsgjerdet i gamle Ølen kommune. Etter kvart dukka han opp på Sola som lærar og ein habil vektløftar i Stavanger. Litt tilfeldig blei John opplesar for NRK radio i Stavanger, som var starten på ein over 45 år lang karriere for statskanalen. Då John gjekk av med pensjon i 2014, blei han då også overraska med Kongen si fortenestemedalje. John har også mottatt Kringskastingsprisen og eit par rustne pokalar i vektløfting ...


Rita SmallRita Fotland Bøe
Rita Fotland Bøe har gleda folk i alle aldrar med musikk og sjarm frå ho var nyfødd. Rita frå Fotland i Time kommune, er både scenekunstnaren i festivalteltet og samstundes omsorgskvinna, som får opp stemninga med trekkspelet på aldersheimen. Repertoaret er allsidig, men heile Rogaland vil alltid knyta «Fotlandsfossen» opp mot Rita. I lange tider var songen den mest spelte og ønska i NRK Rogaland.Kjærleiken sende Rita til Jørpeland i Ryfylke. Men, ho vil for evig og alltid vera jærbu. «Å mæina noge aent ville vore jyseligt gale».


TorolfTorolf Nordbø
Torolf Nordbø voks opp på Finnøy, og syng framleis om barndomsøya med både lengt og kjærleik. Flytta ut som ungdom, og blei lærar og byass i Stavanger. Men, han har halde på dialekt, målform og galskapen frå ungdomen. Torolf var ein mildt sagt oppfinnsam gut på Finnøy, og sette grå hår både i hovudet på foreldre og lærarar. Engasjerte seg i det kristne ungdomslaget og spelte revy med bygdeungdomslaget. Fann opp figuren Han Innante på 80-talet, og etablerte seg etter kvart som humorist og visesongar på heiltid. Dei siste åra har artisten Torolf Nordbø fått meir og meir rom i Torolf Nordbø sitt liv.
 

Tor

Tor Øyvind Skeiseid
Tor Øyvind Skeiseid er finnøybu med oppvekst i Lofoten, Tysvær og Finnøy. Han har likt å styra og leia frå barndomen, til glede for mange og uro for andre. Spesielt engasjert i sundagsskulen og Finnøy Idrettslag, og mottok Finnøy kommune sin kulturpris i 2012. Utdanna journalist og jobba i NRK Rogaland i sju år som programleiar, reporter og fotballkommentator. Flytta heim til Finnøy i 2003 og etablerte Ryfylke Livsgnist AS. I 2006 fekk Tor Øyvind reiselivsprisen for Rogaland for Tomatfestivalen og Vandring i bedehusland. Alt som minner om sceneliv er ekstra oppkvikkande for Skeiseiden.

 Alle foto: Kristofer Ryde, Negative

   
  Følg oss: 
  facebook-logo   ENJOY Finnoy Logo - 051114 1

 
Org. nr. 985465681

 

Ryfylke Livsgnist AS
Ryfylke Næringshage
Nedre Hauskjeneset 3
4160 FINNØY

post@ryfylkelivsgnist.no


© 2014 Ryfylke Livsgnist
© 2014 Stavanger Media (web design) 
 
ryfylkelogo