Bli med tilbake til krigen! Under andre verdskrigen vart Finnøy prega av den tyske okkupasjonen ved at det vart bygd eit såkalla støttepunkt på Søre Vignes.

Her var både kanonstillingar, minefelt, ammunisjonslager og mannskapsbrakker. Folk på nokre av gardane måtte flytta, og de får møta både bønder og representantar frå okkupasjonsmakta i dette historiske vandreteateret.

Me tek og ein tur innom utvandringshistoria som er knytt til garden me vitjar. Historiespelet Tyskerhålene føregår både utan- og innandørs, me avsluttar det heile med å gå inn i fjellet og sjå på ammunisjonslagera som vart bygde her i krigsåra.

 

 

 

Ryfylke Næringspark, 4160 FINNØY
This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
+47 907 73 796 eller +47 940 01 017
Last ned produktark


 

 

   
  Følg oss: 
  facebook-logo   ENJOY Finnoy Logo - 051114 1

 
Org. nr. 985465681

 

Ryfylke Livsgnist AS
Ryfylke Næringshage
Nedre Hauskjeneset 3
4160 FINNØY

post@ryfylkelivsgnist.no


© 2014 Ryfylke Livsgnist
© 2014 Stavanger Media (web design) 
 
ryfylkelogo