Vandring i bedehusland har vore flaggskipet til Ryfylke Livsgnist sidan starten i 2003. Meir enn 15 000 personar har vore på Finnøy for å oppleva dette møtet med kyrkje- og bedehuskultur servert med varme, humor og kunnskap.

Ein tur i Bedehusland er alt frå ein solid dagstur, ein kortare kveldstur eller ein svipp innom. Me er gjerne innom Lauvsnes gartneri, Sølvsmeden på Finnøy, det vesle pinsebedehuset Sion og ikkje minst ærverdige Hesby kyrkje. På Hesby blir det både mellomaldersus og julestemning.

Høgdepunktet er uansett bedehusrevyen på Bethel Bedehus, det eldste bedehuset i Ryfylke. Basar, tale og song blir krydra med karikeringar og historier for både gapskratt og klump i halsen.

Ingen skal vera svoltne på tur med oss, me serverer både eit lett lunsjmåltid og middag dersom de vil.


 

 

Ryfylke Næringspark, 4160 FINNØY
This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
+47 907 73 796 eller +47 917 20 907
Last ned produktark



   
  Følg oss: 
  facebook-logo   ENJOY Finnoy Logo - 051114 1

 
Org. nr. 985465681

 

Ryfylke Livsgnist AS
Ryfylke Næringshage
Nedre Hauskjeneset 3
4160 FINNØY

post@ryfylkelivsgnist.no


© 2014 Ryfylke Livsgnist
© 2014 Stavanger Media (web design) 
 
ryfylkelogo