Ryfylke rundt på tomatjakt
Ryfylkespelet er eit 6x4 meter stort Ryfylke-kart der deltakarane skal kjempa om å vinna flest mogeleg tomater på halvannan time. Deltakarane blir delt opp i fire lag, og startar ferda ut i Ryfylke frå Randaberg, Horve, Røldal og Sandeid. Ferda går mellom øyar, på fjordar, langs Ryfylkevegen og over fjell. For kvart kast ein gjer med terningen kan ein vera heldig og vinna tomater frå tomat-banken. Eller endå betre: Ein kan stjela dei små, raude poeng-givarane frå konkurrentane sine ved å slå motstandarane i ei av duell-oppgåvene.
Flaks og dugleik
Oppgåvene ein må løysa i løpet av spelet spenner frå utfordrande lagbyggingsoppgåver med Ryfylke-vri til ting som veldig få til no har fått lov til å oppleva. Kva med ein runde tomat-golf? Eller intenst lagarbeid for å finna ut kva klokkeslett ein er på Sand dersom ein tek ferja klokka tolv frå Mortavika? Heile laget deltek, og ein treng på ingen måte vera Ryfylke-ekspert for å klara seg godt i tomat-jakta. Det viktigaste er vilje til å stå på for laget, visa praktisk innsikt, evne til innovasjon og eit snev av evne til å ta strategisk rette avgjerdsler.
For kven?
Ryfylkespelet er mobilt, og kan fraktast nær sagt kvar det måtte vera. Det kan spelast både ute og inne. Med på kjøpet kjem alltid to instruktørar frå Ryfylke Livsgnist. Instruktørane sørger for at alle oppgåvene blir løyste på rett måte, og at alle får dei tomatane dei har krav på. Oppgåvene høver godt til lagbygging, og me kan nesten garantera både lått og løye når konkurranseinstinktet blir vekka hjå deltakarane. Spelet er svært fleksibelt når det gjeld deltakarar - det perfekte totale deltakartalet er midt på tjuetallet. Men det går svært fint med både færre og fleire spelarar på laga.
Kvifor spela Ryfylkespelet?
Ryfylkespelet er noko heilt nytt. Det er godt mogeleg at me har laga det største Ryfylke-kartet i verda. Her finn du detaljar frå Ryfylke si fortid og nåtid - og eit lite glimt inn i framtida finn ein kanskje også. Ryfylkespelet blir aldri keisamt, og ein får heile vegen nye utfordringar. Ryfylkespelet utfordrar og underheld, og gir deltakarane høve til saman å finna ut korleis ein skal få samla saman felst mogeleg tomater. For det er altså det det heile dreier seg om. Tomat-jakt.