Ryfylke Livsgnist sig inn i feriemodus, i trygg forvissing om at det har vore ein gild vår for bedrifta vår. Oppstarten av Tyskerhålene og Restauration gir oss eit solid fundament for arbeidet vidare. Og Tomatfestivalen 2010 er berre ein dryg månad unna. Men akkurat no vil me ha eit par veker med kvile.
Skrive av: Kåre Vignes
Den 16. juni vart Restauration døypt i Vågen i Stavanger. Det var ei storhending som me i Ryfylke Livsgnist er glade for å ha vore ein del av. Når båten no etter kvart skal byrja å gå turar på Ryfylkefjordane er me stolte over å vera med som ein av bidragsytarane for at dei som reiser skal få ei oppleving utanom det vanlege.
Tyskerhålene har på kort tid blitt eit strålande konsept med både skjemt og alvor. Det er kjekt å ta ferie når me har tryggleik for at dette er eit av prosjekta som blir spanande å arbeida med utover hausten.
Tomatfestivalen 2010 har me allereie jobba mykje med - og når ferien er slutt er det stort sett festival det går i fram til den siste tomata er sett til livs søndag 8. august.
God ferie til alle frå oss i Livsgnisten! |