Torsdag 15. april er ein merkedag for Restaurationsprosjektet. Ein stor dag for Finnøy, Rogaland og Norge. Og for Ryfylke Livsgnist. Me har jobba sidan september med å gjera Restaurations-tur til ei kulturell oppleving av høg kvalitet, og no er me berre veker unna å kunna heisa segl og ta Ryfylke-fjordane i bruk.
Skrive av: Kåre Vignes
 |  | | Staseleg. Foto: Gunleif Seldal. | | Festdagen på Ryfylke Trebåtbyggeri var todelt. Først ein sjøsetjingsseremoni for medlemmer i venneforeninga og sponsorar. Så festkveld med presentasjon av forteljinga om folka som reiste over og konsert med Hanne Krogh. Vår eiga Brit Idsøe fortalde historia til dei i underkant av 200 frammøtte.
Som prosjektleiarar er Ryfylke Livsgnist stolte over å tilby turar med Restauration. Me trur me vil ha eit produkt heilt utanom det vanlege, der me legg vekt på at gjestene skal ha ei oppleving for dei fleste av sansane våre. Ikkje minst er me spente på korleis spekesild-wraps vil slå an hjå kundane. På sjøsetjingsdagen gjekk dei unna...
Klikk her for å sjå bilete frå dagen. |