Kven hadde trudd at det igjen skulle bli aktivitet i Tyskerhålene på Søre Vignes? Ekteparet Merete og Henrik Halleland, er svaret. Dei er no klare til å ta imot grupper som vil læra litt meir om korleis livet var på denne flotte garden på vestsida av Finnøy. Ryfylke Livsgnist har vore med gjennom heile prosessen.
Skrive av: Kåre Vignes
 |  | | Hauptmann Geiger (Endre Vastveit) gir soldatane sine ei av mange overhøvlingar. | |
Folgehuset på garden dannar den første ramma kring forteljinga. Her møter me Celia Vignes, som nett har fått vite at garden skal bli rekvirert av tyskarane. Ho blir avbroten av hardhent banking på døra, og blir så ført ut av tyske soldatar. Dramatisk, men dette var røynda for dei som budde her under andre verdskrigen.
Rundt 30 inviterte deltakarar fekk oppleva den første framføringa av konseptet "Tyskerhålene" tysdag 20. april. Me ser fram med spenning og forventing til det som verkeleg kan bli noko stort. Lokale skodespelarar og særeigne lokalitetar er med på å gjera dette til eit prosjekt me har uhorveleg god tru på.
Trykk her for fleire bilete frå turen. |