Finnøy har mykje å by på, og torsdag 3. juni var NRK på plass på Ryfylke Trebåtbyggjeri for å senda to timar med Nitimen derfrå. På grunn av kluss med noko av det tekniske utstyret vart det rett nok berre halvannan time, men då me først kom i gong, vart det rett så triveleg i båtbyggjeriet.
Skrive av: Kåre Vignes
 |  | | Hans-Petter Jacobsen intervjuar Marit Meltveit Vignes og Tor Øyvind Skeiseid. Det blei ein god drøs om tomatsyltetøy og gongkaker. Og mykje anna. | |
Nitimen direkte frå Ryfylke Trebåtbyggjeri - med innslag som ga eit lite innblikk i kva øya vår har å by på. Svært kjekt, sjølv om teknikken var såpass trøblete at to timar vart til halvannan. Me fekk fokusert på både utvandrings- og krigshistorie, samt tomatprodukt i både liten og stor skala. På direkten kan alt skje, noko programleiar Hans-Petter Jacobsen fekk oppleva då sendinga nesten blei kapra av sinte tyske soldatar i Tolli Frestad og Endre Vastveit sine skikkelsar.
-Finnøy har vist seg fra sin beste side, smilte Jacobsen etter å ha vore ein tur rundt øya med Arne Nordbø. Då han sette seg i bilen for å køyra tilbake til Stavanger hadde han vore med og spredt bodskapen om både Restauration, Tyskerhålene, tomatproduksjon og tomatsyltetøy. Ei gild sending, rett og slett!
Du kan høyra programma i NRK sin nettradio her (første Finnøyinnslag kjem etter ca. ein halv time) og her (ein heil time med Finnøy-stoff!) |