Tusen heftige år / 6. og 7. mai 2026
November 2025 viste me det historiske festspelet Tusen heftige år for omlag 1300 menneske.
Me har sett opp nye førestillingar i mai. Billettar og meir info her.
Gruppetur? Utflukt med bedrifta di?
Kva med ein dagstur til Finnøy med aktivitetar og god mat i forkant, og festspelet Tusen heftige år på kvelden?
Les om kva me kan hjelpa deg med her 🙂
ME GIR DEG ALT* DU VIL HA
Kvardagsglede og festhumør! Treng du innhald, innspel og innleving?
Me er gjerne med på laget!
Ryfylke Livsgnist er totalleverandør av alt som er levande, leikent, lærerikt og løye. Me organiserer og gjennomfører store og små hendingar, og leverer alt frå programleiing til skodespel, matopplevingar og spennande innhald. Ryfylke Livsgnist inspirerer og engasjerer, og kombinasjonen kultur, historie, humor og musikk slår godt an! Presentert på skikkeleg vis, med kort veg frå latter til tåretørk.
*nesten